Reviews and Comments

Markus 🌱

mvrkws@bookwyrm.social

Joined 7 months, 2 weeks ago

Les lite, men ynskjar eg hadde lest meir. Båe les og høyrar på bøkar. Megsjølv

This link opens in a pop-up window

Dronningen (Hardcover, Norwegian language, 2023, Aschehoug) No rating

Når Fanny møter Julie igjen, slår hjertet raskere. Men sist de prøvde å være kjærester, …

Grei

No rating

Grei. Fanny blei kanskje litt vel isolert frå resten av gjengen. Det var rart å høyre så lite om Ingrid, Ben, og Kalle etter dei førre bøkane.

Nok ei bok med stort emne. Trur kanskje det var bra formidla. Men vanskeleg å vera sikker når eg ikkje har levd gjennom det same.

Blått blod (Hardcover, Norwegian language, 2022, Aschehoug) No rating

Ingrid må ta et stort valg. Men hvordan velge når man ikke aner hva man …

Mørke tidar

No rating

Content warning Mildt røpevarsel for «Blått blod», femte bok i «Halve kongeriket»-serien av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug

Court of Thorns and Roses (Paperback, 2020, Bloomsbury Publishing Plc) 2 stars

Feyre's survival rests upon her ability to hunt and kill – the forest where she …

Gøy, ikkje god

No rating

Denne overraska meg. Eg las den i lag med ein kollega, og alt eg visste på forhand kom frå tiktok. Boka var heilt grei. Den underhaldt meg gjennom veka. Eg har allereie kjøpt neste bok i serien.

Den er absolutt ikkje god, men den er underhaldande.

Aniara (Paperback, Swedish language, 2012, Bonnier Pocket) No rating

"Vi tror att det räcker med att överlämna åt politikerna att klara en del praktiska …

Kult romepos

No rating

Dette var kult! Spanande forteljingsform. Eg plukka opp denne fordi eg hadde tankar om å skrive noko liknande sjølv, og dei tankane les i beste velgåande.

Lurar på å leite etter ei oversatt versjon av denne. Det var vanskelegare enn eg trudde å følgje med på svensk.

Kontroll (Paperback, 2024, Egmont) No rating

Underveis havner de i Hjerternasjonen, et sted der jenter oppdras til koner og mødre og …

Fin strek

No rating

Gøy å følgje med på korleis streken blir betre frå bok til bok. Kaldheim finn stilen sin.

Bøkane er ikkje så korte, men historiane kjens hakket for korte. Skulle ynskje det var meir.

PÃ¥ tronen (Hardcover, Norwegian language, 2021, Aschehoug) No rating

Influenceren Tess hylles for sitt oppgjør mot rasisme da en video hvor hun slår en …

Smått ubehageleg

No rating

Veldig blanda kjenslar om denne. Boka handlar om ei jente på 16 år med foreldre frå Gambia som opplevar rasisme og deitar menn i 20-åra. Forfattarane er to kvite kvinnar i 40-åra.

Mykje av tematikken kjens heilt feil i den konteksten. Det er óg lite nytt som kjem fram her, kanskje det er fint at det blir snakka om slike temaer i bøkar med eit yngre publikum. Men samtidig drikkar no 16-åringane sprit kvar helg mens dei ligger med menn i 20-åra.

Drømmeprinsen (Hardcover, Norwegian language, 2021, Aschehoug) No rating

Prinsesse Margrethe sliter etter at skoleballets nachspiel endte dramatisk på sykehus. Hva som faktisk skjedde …

Lettlest Skam

No rating

Gøy. Er som ein halvdårleg Skam. Fungerar overraskande bra i bokform.

Magrethe var ikkje ein favoritt frå fyrste bok, men ho greidde greitt å halde fokus i denne boka. Det hjelpae at det er såpass lettlest.

Book Lovers (2022, Penguin Books, Limited) 2 stars

Fin og intim

No rating

Kanskje den beste av Emily Henry eg har lest? Ho skriv ganske like bøkar, men på ein god måte. Eg veit kva eg får, og det er noko eg har lust på.

Denne boka gjer den vanlege historia noko annleis (sjå for deg at i eit kryss med to vegar til høgre, ein fram, og to til venstre. Emily tek normalt vegen lengst til høgre, mens no tok ho den rett på sida av)

Los (EBook, Norwegian language, 2023, Tiden) No rating

Los er en samling som favner bredt. Her finnes dikt om å lese en roman …

Form og struktur

No rating

Kjennar at når eg les dikt så er eg ofte nesten like interessert i form og struktur som eg er i teksta som blir formidla.

Denne samlinga gav meg mykje inspirasjon til korleis eg kan byggje eigne samlingar. Det var nokre av dikta som stod ut frå dei andre, men usikker om dei blir hugsa neste veke.